Julekalender

Julekalendere har alltid vært og kjem alltid til å vere ein tradisjon når det gjeld førebuing til julefeiringa. Men og på dette området har det vore store forandringar når det gjeld type julekalendarar som finst og måtar ein brukar dei på. Man har mange sortar julekalendarar; ”Sjokoladekalendarar – Nedteljing med ein godbit bak kvar luke”, ”Pakkekalendarar – Nedteljing med ein liten innpakka ting kvar dag” og ikkje minst dei kjende og kjære ”Barne-tv-kalendarane”. Sistnemnde er vel den som er mest forandra for kvart år som har gått. Kvart år kjem det nye seriar man brukar til å tella ned til jula saman med.

Samanlagt kan ein konkludera med at ein julekalendar brukar ein for å telja ned dagar fram til julaftan med anten ein brukar sjokoladekalendar, pakkekalendar eller barne-tv-kalendar. Skilnaden er jo berre kva som er bak kvar luke, om det er ein ting, ein godbit eller eit bilde frå ein tv-serie.

I seinare tid har ein jo og fått nye tilskot til julekalendarar på nettet. Dette er som oftast kalendarar der ein kvar dag svarar på spørsmål og kan vinna premiar og til slutt kan vinna hovudpremien på julaftan. For å vinne den store premien så er det som oftast slik at det gjeld å væra med på dei fleste av lukene for å få større sjans til å vinna denne.

Så da kan vi jo konkludere med at det har skjedd store forandringar òg når det gjeld julekalendarar. Heilt tilbake frå den gangen vi brukte appelsin med nellikspikarar for å telja ned til julaftan til dagens haribokalendarar og digitale kalendarar på nettet. Så sjølv om bruken av julekalendarar som alltid vil væra å telja ned til julaftan på, så vil typen julekalendarar berre fornya seg år etter år vidare inn i framtida.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *